FraNorI
28. februar

Fransk-Norsk gitartrio

TRIO FRANOR er ein fransk-norsk gitartrio som vart stifta i februar 2018 av Ingrid Horvei Lyslo, Anna Vegrim Ryvænge og Marine Bouttier. Fredag 28. februar kl 19:00 held dei konsert i Mariakirken i samarbeid med Bergen Domkirke menighet / Kirkemusikk Maria. 

Den klassiske gitartrioen har alt markert seg med svært gode tilbakemeldingar frå konsertar i Frankrike, Danmark og Belgia, forutan her i landet på mellom anna Festspillene i Bergen. Mariakirken  sin gode akustikk vil danne ei fin ramme for trioen sitt varierte repertoar, frå Oceano Nox av Francis Kleynjans til Rondo Amoroso av Harald Sæverud. Elles vil konserten innehalde element av både klassisk, samtidsmusikk, jazz, latinamerikansk og folkemusikk frå både Frankrike, Norge, Russland og Brasil. Velkomen til ei sjeldan konsertoppleving i Mariakirken!

 

  • Mariakirken
  • fredag 28. februar
  • 19:00
  • 150 / 100, - MERK: Kun kontant ved inngangen / VIPPS