26. mai

Jubileumskonsert

Seksstemte glas og himmelskodande vakker korklang

Bergen Domkor held konsert i Vereide kyrkje i samband med jubileet for kyrkja.

Johann Sebastian Bach vart kalla den femte evangelisten, og er sjølvskriven i ein kyrkjekonsert der ein feirar historia. Motetten Der Geist hilft unsrer Schwachheit auf for to kor høver godt i pinsetida, sidan teksten frå romarbrevet lyder: «På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord. Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage.»

Også den unge latviske komponisten Ēriks Ešenvalds har evna til å lage særeigen musikk som fengjer og fangar publikum frå aller fyrste tone. Bergen Domkor har tidligare gjort pasjonsmusikk av denne komponisten, og lovorda var overveldande. Verka Stars og Sun Dogs tek ikkje utgongspunkt i bibeltekstar slik Bach gjer, men leikar seg i fasinasjonen omkring stjerner og himmelfenomen.

Felles for verka på konserten er at dei tek oss med på ei reise som blikkar ut og set vårt jordiske liv i perspektiv. Slik eit jubileum gjev perspektiv til tida.

Program: 

Ēriks Ešenvalds (1977–) Stars (2011) Tekst: Sara Teasdale (1884–1933)
Johann Sebastian Bach (1685-1750) Der Geist hilft unsrer Schwachheit auf BWV 226
Ēriks Ešenvalds (1977–) Sun Dogs (2008)

Bergen Domkor
Siri Hilmen, cello
Hans Knut Sveen, orgel
Kjetil Almenning, dirigent

  • Vereide kyrkje
  • søndag 26. mai
  • 18:00
  • tba