20. mai

Estland møter Vestland

Estisk-norsk venskapskonsert i Meland kyrkje og i Johanneskirken

Det blir korsong av høg klasse når det estiske koret Elise kjem til Vestlandet i mai. Tre jentekor møtest til vårkonsert: Elise frå Estland, Octavia frå Meland og Bergen Domkirkes Jentekor.

Dei tre kora er venskapskor, men har aldri møtt kvarandre før. No skjer det. I tillegg til sightseeing, sosiale aktivitetar og songøvingar, blir det gudsteneste i Bergen domkyrkje, konsert i Johanneskirken og konsert i Meland kyrkje.

I oktober blir det gjenvisitt der dei norske korjentene, saman med dirigent, pianist og ei stor gruppe foreldre dreg til byen Pärnu i Estland. Besøket har fått økonomisk støtte frå den norske ambassaden i den Tallinn. 

Internasjonalt og aktivt

Jentekoret Elise frå Estland tek songen seriøst og øver to gonger i veka. Koret, som vart starta i 1990, vart grunnlagt og blir framleis leia av dirigent Kai-Tõe Ellermaa. Koret høyrer til i den lutherske Elisabetkyrkja i byen Pärnu. Her syng dei under gudstenester og kyrkjelege høgtider. I tillegg har Elise sunge i mange andre kyrkjer både i Estland og andre europeiske land: Finland, Sverige, Danmark, Tyskland, Italia, Latvia, Slovakia, Nederland, Frankrike og Storbritannia. I Vatikanet har dei òg sunge, og dessutan vunne fleire prisar og delteke i ulike prosjekt.

Men i Noreg har dei aldri vore før, opplyser Ellermaa. Dei ser fram til å bu hjå norske vertsfamiliar og oppleva Bergen og Vestlandsnaturen.

Tre kor

Konsertane i Bergen og Nordhordland er eit samarbeid mellom Elise, Octavia og Bergen Domkirkes jentekor. Begge dei to siste kora er dirigert og leia av Eirin Beate Åserud-Løvlid.

  • Johanneskirken
  • søndag 20. mai
  • 18:00
  • 100/50