19. juni

Le Concert Spirituel

"Telemann i Paris", en konsert med barokkensemblet Lux Borea, Ingrid Eriksen Hagen og Bergen Domkor.

Intim og vakker barokkmusikk av Telemann, sammen med Arvo Pärts magiske Magnificat.

Programmet er bygd kring Georg Philipp Telemann sin reise til Paris i 1737. Telemann var ein av seinbarokkens aller mest vidgjetne og respekterte komponistar. Han var musikkdirektør i Hamburg største delen av sitt vaksne liv, og skreiv store mengder musikk av svært høg kvalitet – både kammermusikk og store orkesterverk, samt solomusikk. Han var også ein kløpper til å skrive i alle dei nasjonale stilane. Reisa til Paris i 1737 var nok både for å bli betre kjend med den franske stilen og for at parisarane skulle bli kjende med han, og han hadde lukka med seg i både prosjekta – I Paris skreiv han m.a. eit sett kvartettar for fløyte, fiolin, viola da gamba og basso continuo. Han deltok dessutan i ein konsertserie som gjekk på sundagane – den einaste ”ledige” dagen, då var operaen stengd. For å få lov av kongen å spele i denne serien måtte ein ha med eit kyrkjemusikalsk verk – det var jo trass i alt sundag!

Ensemblet Lux Borea har tidlegare turnert med dette programmet i Finnmark, Troms, Vestfold og Vest-Sverige. Paul Wåhlberg leiar ensemblet. Han er professor i moderne- og barokkfløyte ved Konservatoriet i Tromsø. Han er utdanna i Göteborg, Zürich og Haag og var med å starte Norsk Barokkorkester, som har turnert store delar av Europa. Cecilia Wåhlberg er utdanna moderne- og barokkfiolinist og var i mange år konsertmeistar i Trondheim Symfoniorkester. Ho var også med å starte Norsk Barokkorkester. Varpu Haavisto er utdanna på moderne cello og har doktorgrad på viola da gamba frå Sibeliusakademiet. Ingrid E. Hagen er utdanna på cembalo ved Griegakademiet. Ho startar hausten 2011 arbeid der som kunststipendiat.

Billetter selges på billettservice.no fra 14.juni.

  • Nykirken
  • søndag 19. juni
  • 19:30
  • 100/50